Back to All Events

«MÅLBAR» I JOKER - Litteraturhuset Fredrikstad

Onsdag 26. oktober 2016
Klokken : 21:00 - 22:00

Pris: 50
Sal: Joker
Arrangør: Østfold Mållag og Noregs Mållag

I den hyggelege «Målbaren» utanfor Egalia er det denne kvelden Pål Nielsen som pratar om dialekta si – og bruk av ho i ymse samanhengar.

Nynorsken har ikkje alltid hatt det så lett i Fredrikstad, men nå er haldningane i ferd med å snu. Folk ser kvaliteten ved det heilnorske skriftspråket på lik linje med bunader og folkemusikk. Dette er norsk kultur, og det er fullt mogleg å være stolt av vårt eige samtidig som vi er opne for kulturimpulsar frå heile resten av verda.

25.–27. oktober arrangerer Østfold Mållag og Noregs Mållag nynorskfestival i Plankeby’n under overskrifta «Hællæ nynorsk». Det blir arrangement på Frederik II vgs., på Fredrikstad kino, på Fredrikstad Bibliotek – og sjølvsagt på Litteraturhuset. Primus motorar for festivalen er Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, og bystyremedlem Njål Benkestoch Kjølholdt Gustavsen.

Dei tre dagane blir det arrangement på dagtid rundt i byen, og så skjer det noko på kveldstid på Litteraturhuset. Det blir litteraturkveld, språk-kviss, debattmøte og utstillingar.

Kvar kveld dei tre dagane blir avslutta med «Målbar» om språk i Joker –

med musikalske innslag.