Back to All Events

DEBATTMØTE MED ELEVAR FRÅ FREDERIK II VGS - Litteraturhuset Fredrikstad

Onsdag 26. oktober 2016
Klokken : 19:00 - 20:00

Pris: Gratis
Sal: Thygesen
Arrangør: Østfold Mållag og Noregs Mållag

Runar Bjørkvik Mæland (27) er journalist i Framtida.no. Han kjem frå Stord i Hordaland, og er utdanna filosof. Som tidlegare nestleiar i Unge Venstre og Studentmållaget i Oslo (mellom anna) har han både deltatt i debattar, leia debattar og halde fleire debattkurs før. Denne dagen har norskelevar på Frederik II vgs. fått opplæring i debatt- og taleteknikk, og dette munnar ut i eit offentleg debattmøte om aktuelle saker på Litteraturhuset Fredrikstad.

Nynorsken har ikkje alltid hatt det så lett i Fredrikstad, men nå er haldningane i ferd med å snu. Folk ser kvaliteten ved det heilnorske skriftspråket på lik linje med bunader og folkemusikk. Dette er norsk kultur, og det er fullt mogleg å være stolt av vårt eige samtidig som vi er opne for kulturimpulsar frå heile resten av verda.

25.–27. oktober arrangerer Østfold Mållag og Noregs Mållag nynorskfestival i Plankeby’n under overskrifta «Hællæ nynorsk». Det blir arrangement på Frederik II vgs., på Fredrikstad kino, på Fredrikstad Bibliotek – og sjølvsagt på Litteraturhuset. Primus motorar for festivalen er Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, og bystyremedlem Njål Benkestoch Kjølholdt Gustavsen.

Dei tre dagane blir det arrangement på dagtid rundt i byen, og så skjer det noko på kveldstid på Litteraturhuset. Det blir litteraturkveld, språk-kviss, debattmøte og utstillingar.

Kvar kveld dei tre dagane blir avslutta med «Målbar» om språk i Joker – med musikalske innslag.

Later Event: October 26
Buicken - Blå Grotte