Back to All Events

LITTERÆR FESTAFTAN MED DET NORSKE SAMLAGET - Litteraturhuset Fredrikstad

Tirsdag 25. oktober 2016
Klokken : 19:00 - 21:00

Pris: 80
Sal: Egalia
Arrangør: Østfold Mållag og Noregs Mållag

Ragnar Hovland, Are Kalvø, og Brit Bildøen deltek på litterær festaften! Det Norske Samlaget er det leiande nynorskforlaget i Noreg. Forlaget gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker og faktalitteratur. I Fredrikstad er omsetjingane av Elena Ferrante ein bestseljar. 

 

Ragnar Hovland og Are Kalvø har begge nye bøker. Brit Bildøen snakker om den prisløna boka sju dagar i august som fikk P2-lyttaranes romanpris og no blir satt opp på Det Norske Teateret. Så vart det Ferrantefeber med bokhandlaren i Fredrikstad.

Nynorsken har ikkje alltid hatt det så lett i Fredrikstad, men nå er haldningane i ferd med å snu. Folk ser kvaliteten ved det heilnorske skriftspråket på lik linje med bunader og folkemusikk. Dette er norsk kultur, og det er fullt mogleg å være stolt av vårt eige samtidig som vi er opne for kulturimpulsar frå heile resten av verda.

25.–27. oktober arrangerer Østfold Mållag og Noregs Mållag nynorskfestival i Plankeby’n under overskrifta «Hællæ nynorsk». Det blir arrangement på Frederik II vgs., på Fredrikstad kino, på Fredrikstad Bibliotek – og sjølvsagt på Litteraturhuset. Primus motorar for festivalen er Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, og bystyremedlem Njål Benkestoch Kjølholdt Gustavsen.

Dei tre dagane blir det arrangement på dagtid rundt i byen, og så skjer det noko på kveldstid på Litteraturhuset. Det blir litteraturkveld, språk-kviss, debattmøte og utstillingar.

Kvar kveld dei tre dagane blir avslutta med «Målbar» om språk i Joker – med musikalske innslag.

Det skjer flere ting under Hællæ Nynorsk denne dagen

Nynorskstafetten kjem til byen

Heilt sidan Språkåret i 2013 har Noregs Mållag med jamne mellomrom køyrt frå stad til stad i landet med utstillingar, boksal og spreiing av allmenn nynorskglede. Stafetten set sitt preg på Frederik II vgs. og Litteraturhuset denne dagen og kvelden.